Sogn ridehall AS har stall på hestesportanlegget på Kaupanger. Dette er ein stall som vert driven på dugnad.
Her kan ein leige stallplass på månadsleige, og pr natt om det er ledige stallplassar.
Prisar for leige av stallplass:
Boks pr mnd: 2000,-
Pr natt for gjester: 250,-
Litt informasjon om stallen for dei som leiger stallplass på månadsleige:
Leiga inkluderer plass for éin (1) hest på boks i stallen med drikkekar og fôrkrybbe, plass til hesteutstyr i salrommet, tørkerom, bad med dusj/wc, vaskespilt med varmt og kaldt vatn, straum er inkludert i stalleiga.
Utleigar tek forbehald å vurdere om hesten er skikka til å gå i flokk, eller har andre særlege uvanar som ikkje passar inn i ein dugnad stall.
Paddock/luftegard – Det er felles luftegard for privathestane med automatiske foringskassar. Foringskassane kan brukast til fòring av middag. Det er også mogleg å dele opp luftegard for ein eller fleire hestar.
Leigetakarar som ynskjer å ta hesten vekk i lengre periodar (1 mnd. eller mer) for trening, beite eller anna, må betale stalleige for å behalda sin plass.
Fòr og flis:
Leigetakar må skaffe, og betale for eige fòr og flis til sin hest.
Kontrakt:
Det vert laga skriftlege kontraktar for leigeforhold mellom leigetakar og utleigar ( Sogn ridehall AS)
Meir informasjon:
Ta kontakt på epost: sognridehall@gmail.com
Bilete frå boksane i stallen
Bilete frå stallgangen og boksane i stallen