Feltritt er tre gonger så gøy!

Det har lenge våre stille på feltrittsfronten i Sogndal, 20 år i allefall sidan det var feltrittsbane på Vestreim. Stevner i Sogn og fjordane 3-4 år! Dette må vi snu, men det krever litt jobb og stå på vilje. Då tenkte vi å samle ein gjeng som kanskje er intressert i og være med.

Feltritt er 3 gonger så gøy seier dei 😃 Det består av 3 delar, sprang, dressur og terrengritt. 

For å få til dette, og for å få trent må vi ha hinder. Så vi tenkte at gjennom denne gruppa her, kan vi lage små dugader der vi bygger feltritshinder, vi kan møtes for trene saman på kaupanger og planlegge evt kurs og stemner i framtiden forhåpentlegvis. 

Sogn og fjordane ryttarkrins har rekrutering til greinen på agendaen. Og det er planlagt og få til krinstreningar i feltritt dette året 2021. 

Kjenner du nokon som har lyst å prøve feltritt?! 

IMG_1456.jpg