FOKUS UNGHEST

FOTO: Karoline Fet

FOTO: Karoline Fet

Fokus Unghest-samlinger i regi av Sogndal Hestealslag.

Sogndal hestealslag planlegger 3 samlinger frammover. Det blir ei samling søndag 11/4, ei 23.mai og ei før hesteutstillinga i august. Samlingane er tilegna unghest. Datoane blir lagt ut etterkvart, så melder ein seg på kvar enkelt samling.

Fokus/aktivitet:

- sosialisering, miljøtrening, leietrening m.m.

- For hestar som er påbegynt innkøyring er det mogleg for køyretrening.

- Det vert moglegheit for å slippe hestane i ridehallen for lausmønstring/og leik.

Oppmøte søndag 11.april frå kl 11.

Miljøtrening, sosialisering og eventuelt køyring.

Me har leigd ridehallen frå kl 11-14, så det er moglegheit for å benytte seg av denne. Det blir moglegheit for lausmønstring i ridehallen.

Samlingane er gratis for medlemmar av laget, 150 kr pr hest for andre.

Håper folk har lyst å vere med på ei triveleg samling for miljøtrening og sosialt samvær! Me forheld oss til dei nasjonale retningslinjene for korona-situasjonen

Kontaktperson/påmelding til Steinar Hofslundsengen eller Karoline Fet tlf 48146508.